17. mai 2017

Så blei nasjonaldagen feira på den beste måten i år òg. Håper alle hadde ein fin syttande mai ♥

May 22, 2017
/

25042017: depression tuesday

depression tuesday

Det er tre veker sidan forrige musikkspalte. På grunn av dårleg tid, men svært lyst, gjer eg dette blogginnlegget kort. Håper desse songane kan bidra til nokre fine musikkaugeblikk den siste veka i april ♥


Tame Impala – The Less I Know The Better
Kvar gong eg høyrer nokon nemner Tame Impala, tenker eg berre AUSSIE AUSSIE AUSSIE. På Roskildefestivalen i fjor såg eg dei live for fyrste gong. Konsertopplevinga var heilt magisk. Songen “The Less I Know The Better” får meg i draumemodus. Og det er deilig.

 

 

Drake – Hotline Bling
Treng ikkje skrive så mykje her, unntatt: mmm <3

 

 

Cezinando – €PA
Minner om då eg budde i Bergen i fjor, og alt eg såg på vegen til og frå Minde. Høyrde denne låta minst to gonger dagleg. Alltid på bybanen. Såg Cezinando på Lindmo på NRK førre laurdag. Kristoffer er litt av ein type.

 

Trykk her for å følge Depression Tuesday på Spotify (lenke).

April 25, 2017
/

22042017: bergen

Ingeborg les studentavisa STOFF medan vi høyrer på regnet. Samtidig skin sola på den grå veggen bak ho. Vêret her er meir dramatisk enn oss begge på fylla. Status akkurat no: for mykje drama.

I dag er det sundag og eg har høyrd på Sigrid Raabes nye singel, “Plot Twist” tolv gonger. Har sett siste episode av Netflix-serien “Black Mirror”, og drukke over éin liter brus. Perfekt sundag, med andre ord.

April 23, 2017
/

påsk1

Påsken var ikkje så galen i år heller, hæ. Vart lite fjell og ski, men ingenting kan måle seg med gode vener rundt seg. Lev lenge på denne ferien her, for å seie det slik.

April 20, 2017
/

10042017: red

Når ein kan ta eit glas vin til lunsj med bestevenninna den fyrste dagen i veka. Då er livet bra.

April 20, 2017
/

07042017: vossa jazz

highasakite

Highasakite spelte “Lover, Where Do You Live?” og coverlåta “Heavenly Father” på fredag. Det var ikkje noko anna enn terapi for sjela. Kunne høyrd på dei heile natta ♥ Litt over midnatt var eg på konsert med Haugesund-bandet, “Undergrünnen”. Var hakket skeptisk til denne garasjerock-musikken, men veit de kva? Trur det er lenge sidan det har vore god stemning på nattklubben Pentagon. Dødskult!

April 10, 2017
/

04042017: bergen

Tok helg på ein tysdag, og heldt Ingeb med selskap og omvendt i litt over eit døgn. Me åt sopprisotto til middag og godteri til frokost, lufta 20-årskrisa for sekstiande gong, gjekk på kafé, vimsa i klesbutikkar og sovna til regnet. Fint døgn i regnbyen Bergen, med andre ord. Eg vil tilbake A$AP.

Ikkje fåkk med kjærligheten. 

April 6, 2017
/

whatever that means

Buksene mine er korte, but I don’t give a damn.

Komande helg vert det arrangert Vossa Jazz for 44. gong. På fredag speler Highasakite konsert i Vossasalen, noko eg håper og trur vert magisk. Deira to fyrste album, “All That Floats Will Rain” og “Silent Treatment”, vekker minner frå 19/20-åra. Aller mest håper eg dei speler “Lover, Where Do You Live?”, og ikkje minst coverlåta “Heavenly Father” (trykk her for å sjekke ut sistnemnde). Då kjem tårene til å trille.

Elles vert det fint med påskefeiring og “leik” dagane framover. Har kosa meg ekstremt dei siste helgene, men det vert noko anna når dei næraste kjem heim – og alle er samla igjen. Fint og flott ♥

April 5, 2017
/

04042017: depression tuesday

Vi er i april-månad, og det er fint. Spesielt når sola ikkje går ned før i åtte-halv ni-tida, og ein plutseleg legg merke til alle fuglane som syng. No kan ein endeleg ta seg ein kveldstur i skogen utan å bruke lommelykt, og slutte å vere redd for å støte på noko uventa i mørket. I denne vekas “depression tuesday” vert det låtar frå Astrid S, Hester V75 og M.I.A.! Du kan abonnere på Spotify ved å trykke her (link).

 

Astrid S – Breathe
Norsk popmusikk ruuuuuuler verda over, og det nye meisterverket til Astrid er eit eksempel på det. Denne låta gjev meg energi og gode vibber. Speler den på jobb sikkert fire gonger om dagen. Liker den Pulp Fiction-inspirerte musikkvideoen. Digger brillene ho har på seg.

 

Hester V75 – Syv til fem
Mann, eg jobbar helt fra syv til klokken fem. Denne låta falt i smak hjå dei australske vennane mine – sjølv om dei ikkje forstod eit einaste ord. Utruleg? Nei, eigentleg ikkje. Chill beat. Minner meg om dei mørke bølgjene i Main Beach, hunden Siouxsie Sioux og ikkje minst Fosters beer (this is not an ad).

 

M.I.A. – Borders
#GRLPWR igjen her, altså. Anbefaler å høyre på denne før du skal igjennom elden. Det kan blant anna resultere i at du nailer jobbintervjuet, munnleg eksamen eller din neste Tinder-date.

April 4, 2017
/

#feedgoals aka @idabroen

idabroen

idabroen

#feedgoals aka @idabroen next. Eit kjend ansikt for nordmenn som er over gjennomsnittet oppteken av sneakers (Stress Oslo – you know the drill). Ida Broen er ambassadør for New Balance (what a dream), og er PR-student på hipsterskulen Westerdals (what a dream vol. 2).

Tusen endeleg takk. Vi byrjar forhåpentlegvis å få ei bølgje av norske moteprofilar som ikkje speler på kropp og sex. Ida Broen er eit eksempel på ein slik profil – og vi vil (og treng!!!) fleire. Hallo, dette er kult. Instagram-feeden består for det meste av sneakers og oversized plagg. Her lukter det #hypebeast og #hybebae. Teikn tyder på at den kronologiske rekkjefølgja av bileta er lite planlagd, og VSCO-filter kan ein seie takk og farvel til. For andre gong i denne teksten: dette er kult.

2017 er året perfeksjonisme på sosiale medium er utrendy, og det trur eg er sunt for oss alle. Følg @idabroen ved å trykke her (link).

 

idabroen

April 3, 2017
/