07022017: depression tuesday

Håper alle har hatt ein fin tysdag. I dette innlegget blir det ny runde av Depression Tuesday, som eg starta med sist veke. Innlegga tar for seg musikk som har gjort meg frisk og rask, og gjerne litt lukkelegare. Les meir om konseptet ved å trykke her.

 

John Olav Nilsen & Gjengen – Hull i Himmelen
Dette bandet minner meg om dei siste åra som tenåring. Mykje av det eg tenkte på var å flytte til Bergen, drikke Hansa-øl og skaffe meg tatovering. Helst av to diamantar på stilken av eit kirsebær. Eg var heilt besatt av Bergensbølgen som bestod av blant anna John Olav Nilsen & Gjengen, Lars Vaular, A-laget, Fjorden Baby! og Store P. Songtekstane skulle puggast og lærast. Gode tider.

 

Florence + The Machine – Shake It Out
Min fyrste ordentlege festivaloppleving var på Øyafestivalen i 2012. Eg stod heilt fremst på konserten til Florence + The Machine. Alle songane deira var fantastiske live, men då dei spelte Shake It Out… det var heilt magisk. Florence Welch var heilt nydeleg på scenen. Følte meg mektig.

 

Set Mo – White Dress
Kvar gong eg mista motivasjon under bachelorskrivinga, høyrde eg på White Dress. Songen minna om Australia; naturen, strendene, nattklubbane, favorittkafeane, roadtrips… Og før eg kunne pakke kofferten og reise ned dit, måtte eg skrive ferdig bacheloroppgåva og fullføre siste eksamensproduksjon. Denne songen gjorde at eg følte meg litt mindre fortapt. Ting blei lettare.

 

Tips meg gjerne om musikk som letter på humøret. Abonner på Depression Tuesday på Spotify ved å trykke her.

February 7, 2017
/
Previous Post Next Post

1 Comment

  • Reply June

    De to første elsker jeg fra før, nummer tre har jeg ikke hørt før, men jeg ble hekta med en gang. Fine tips!

    February 8, 2017 at 23:06
  • Leave a Reply

    You may also like