Browsing Category:

CULTURE

25042017: depression tuesday

depression tuesday

Det er tre veker sidan forrige musikkspalte. På grunn av dårleg tid, men svært lyst, gjer eg dette blogginnlegget kort. Håper desse songane kan bidra til nokre fine musikkaugeblikk den siste veka i april ♥


Tame Impala – The Less I Know The Better
Kvar gong eg høyrer nokon nemner Tame Impala, tenker eg berre AUSSIE AUSSIE AUSSIE. På Roskildefestivalen i fjor såg eg dei live for fyrste gong. Konsertopplevinga var heilt magisk. Songen “The Less I Know The Better” får meg i draumemodus. Og det er deilig.

 

 

Drake – Hotline Bling
Treng ikkje skrive så mykje her, unntatt: mmm <3

 

 

Cezinando – €PA
Minner om då eg budde i Bergen i fjor, og alt eg såg på vegen til og frå Minde. Høyrde denne låta minst to gonger dagleg. Alltid på bybanen. Såg Cezinando på Lindmo på NRK førre laurdag. Kristoffer er litt av ein type.

 

Trykk her for å følge Depression Tuesday på Spotify (lenke).

April 25, 2017
/

07042017: vossa jazz

highasakite

Highasakite spelte “Lover, Where Do You Live?” og coverlåta “Heavenly Father” på fredag. Det var ikkje noko anna enn terapi for sjela. Kunne høyrd på dei heile natta ♥ Litt over midnatt var eg på konsert med Haugesund-bandet, “Undergrünnen”. Var hakket skeptisk til denne garasjerock-musikken, men veit de kva? Trur det er lenge sidan det har vore god stemning på nattklubben Pentagon. Dødskult!

April 10, 2017
/

whatever that means

Buksene mine er korte, but I don’t give a damn.

Komande helg vert det arrangert Vossa Jazz for 44. gong. På fredag speler Highasakite konsert i Vossasalen, noko eg håper og trur vert magisk. Deira to fyrste album, “All That Floats Will Rain” og “Silent Treatment”, vekker minner frå 19/20-åra. Aller mest håper eg dei speler “Lover, Where Do You Live?”, og ikkje minst coverlåta “Heavenly Father” (trykk her for å sjekke ut sistnemnde). Då kjem tårene til å trille.

Elles vert det fint med påskefeiring og “leik” dagane framover. Har kosa meg ekstremt dei siste helgene, men det vert noko anna når dei næraste kjem heim – og alle er samla igjen. Fint og flott ♥

April 5, 2017
/

04042017: depression tuesday

Vi er i april-månad, og det er fint. Spesielt når sola ikkje går ned før i åtte-halv ni-tida, og ein plutseleg legg merke til alle fuglane som syng. No kan ein endeleg ta seg ein kveldstur i skogen utan å bruke lommelykt, og slutte å vere redd for å støte på noko uventa i mørket. I denne vekas “depression tuesday” vert det låtar frå Astrid S, Hester V75 og M.I.A.! Du kan abonnere på Spotify ved å trykke her (link).

 

Astrid S – Breathe
Norsk popmusikk ruuuuuuler verda over, og det nye meisterverket til Astrid er eit eksempel på det. Denne låta gjev meg energi og gode vibber. Speler den på jobb sikkert fire gonger om dagen. Liker den Pulp Fiction-inspirerte musikkvideoen. Digger brillene ho har på seg.

 

Hester V75 – Syv til fem
Mann, eg jobbar helt fra syv til klokken fem. Denne låta falt i smak hjå dei australske vennane mine – sjølv om dei ikkje forstod eit einaste ord. Utruleg? Nei, eigentleg ikkje. Chill beat. Minner meg om dei mørke bølgjene i Main Beach, hunden Siouxsie Sioux og ikkje minst Fosters beer (this is not an ad).

 

M.I.A. – Borders
#GRLPWR igjen her, altså. Anbefaler å høyre på denne før du skal igjennom elden. Det kan blant anna resultere i at du nailer jobbintervjuet, munnleg eksamen eller din neste Tinder-date.

April 4, 2017
/

Kutter hodet av slanger, det vokser ut nye


… Eg tror at jeg ser på en hydra
Vi ska se hvor lenge de krypar
Når gressklipperen går til hypar

(Handerre) Linni aka han eine Yo-gutten, kom ut med sitt andre soloalbum, “Maksimum” for to veker sidan. Låta “Eiar” er ikkje berre ein fet låt. Musikkvideoen er minst like fet, men meir mystisk enn eit underjordisk rave-party. Creepy (as fuck). Med eit allereie høgt nivå innan norsk hiphop-musikk, er denne videoen kanskje det lille ekstra som må til for å kome “opp og fram”. Gler meg til meir frå Linni – dette var skikkeleg “mata”.

Kva elles skjer i livet mitt? Er tilbake i heimbygda og prøver å planlegge dei neste fire åra utan å få panikk. I eitt sekund har eg verdas beste plan, men sekundet etter har eg erstatta den med ein ny idé. Merker det er slitsamt, men tar meg sjølv i nakken kvar gong, og tenker “dette er heilt normalt i generasjon prestasjon/generasjon LOL”. Huff. How are you guys? 

April 1, 2017
/

24032017: oslo by night

Finnebassen spelte på nattklubben Elsewhere (favorittklubben) på Gold Coast berre ei veke etter eg flytta heim frå Australia. Hugsa det var kjipt i og med at eg var superklar for å møte opp og eige dansegolvet, samt skryte over at eg var like norsk som DJ’en. Typisk (!) idé av meg.

Heldigvis fekk eg sjansen igjen. Natt til laurdag spelte Finn musikk i fire timar, og alt eg gjorde var å møte opp, sleppe håret laus og nyte.

March 28, 2017
/

21032017: depression tuesday

depression tuesday

Hei! For de som vil vite meir om bloggkonseptet bak “depression tuesday”, har eg forklart dette i eit tidlegare blogginnlegg  (link). Kort fortald: songar som forfattaren av denne bloggen forbinder med gode tider. Håper tysdagen dykkar har vore fin ♥

 

Dagny – Backbeat
Dagnys “Backbeat” minner om den siste eksamensfesten i Volda. To venninner og eg slang oss rundt på låveloftet og dansa som nokre apekattar til denne songen (og ikkje minst “Toxic” av Britney Spears, haha). Har eit svakt minne om at eg fell ned på golvet, men sprett opp att på beina fordi eg var så overlukkeleg. Folk slo seg verkeleg lause – og kjekt var det!

 

Julie Bergan – Younger
Er det rart å mimre tilbake til påskeferien 2014? Har funne eitt blogginnlegg eg publiserte 21. april for tre år sidan: Bra avslutning på ein bra påskeferie (link). 2013/2014 var det fyrste året venninnegjengen ikkje lenger budde på same stad. Sjølv budde eg i Volda på denne tida, og eg hugsa kor kjekt det var å kome heim att til Voss og sjå alle igjen. “Younger” av Julie Bergan herja hitlistene på NRK P3, og eg var heilt hekta.

 

Bendik, Christine, Izabell, Julie Bergan, Silvana Imam, Stella Mwangi – Attitudeproblem (P3 Remix)
GRLPWR x 1000.

 

Trykk her for å abonnere på Spotify.

March 21, 2017
/

GRL PWR

Hey. Gratulerer med kvinnedagen.

Eg blei kjend med ein person. “Me treng ikkje denne dagen lenger,” insisterte han. “Du tar feil,” sa eg.

Han var eit eksempel på at me treng åttande mars. Fordi det var tydelegvis eit problem å setje lys på kvinneundertrykking.

March 8, 2017
/