Browsing Category:

CULTURE

07032017: depression tuesday

Denne vekas “depression tuesday” mimrer tilbake til tenåra. Håper dei kan lette på humøret ♥

 

Gabrielle – 5 fine frøkner
Då eg var utvekslingsstudent i Australia hausten 2014, reiste eg saman med fire jenter. Me ville leve så billig som mogleg under opphaldet, men likevel ha god tilgang til strand, uteliv, trikk og butikkar. I fem månadar budde me i hjarta av Gold Coast, men leiligheita hadde berre to soverom. Så bra som me klikka saman, gjekk det heilt fint. I tillegg var husleiga akkurat det me ynskja: superbillig. “5 fine frøkner” høyrde me alltid på vorspiel.

 

 

The Naked And Famous – Punching In A Dream
Dei tre åra på vidaregåande. Saknar den tida då alle budde på éin stad, og det var liksom ikkje så mykje å bekymre seg for. Eller jo, det var for så vidt like mange bekymringar. Men dei var heilt annleis.

 

Ansiktet – Äckligt
Ungdomsforelskelse!

 

Trykk her for å abonnere på Spotify.

March 7, 2017
/

28022017: depression tuesday

Hei og hå, hvor det går. I dette innlegget blir det ny runde med musikk som gjer meg (og kanskje du?) glad. Kan òg muntre opp med å informere om at me går inn i ei ny årstid i morgon. Mars er som regel verken vinter eller vår, men ein kan trygge seg med at det ikkje lenger er februar. Knis.

 

Whales & This Lake – Sahara Blind
Melodiane minner meg om regnskogane i Australia. Dei var mystiske og nokre gonger mørke, men likevel eventyrlege. Under refrenget tenker ser eg for meg at eg hopper utfor eit lite fossefall, og føler på fridomen.

 

ZAYN, Taylor Swift – I Don’t Wanna Live Forever
Flashback til den ekstremt diskuterte filmen “Fifty Shades Of Grey”. Scena der Christian Grey og Anastasia Steele står på ein seglbåt (minna nesten om Rose og Jack i filmen “Titanic”). ZAYN og Taylor Swift gjorde augeblikket utruleg fint.

 

Veronica Maggio – Sergels torg
Får lyst å vakne av sollys, ta på meg ei gamal T-skjorte, smile litt og danse rundt i stova. Og høyre på denne songen, sjølvsagt. Mmm… Veronica Maggio, du är underbar.

 

Trykk her for å abonnere på Spotify.

February 28, 2017
/

21022017: depression tuesday

depression tuesday

Hei hei, alle saman. Denne tysdagen har vore overraskande god. Dagane er ikkje lenger så korte, og sola står opp tidlegare. Snart kan mange av oss spyle vinterdepresjonen ned i dass, og ynskje våren velkomen. Denne veka har eg lagt ved melodiar av Sondre Justad, Kaja Gunnufsen og Santigold. 2-1 til norsk musikk, hurra!

 

Sondre Justad – Riv i Hjertet
Denne songen minner meg om det gode studentmiljøet i Volda. Og spesielt festane i journalistikk-gjengen. Sjølv om det til tider var hardt å øve til eksamen, eller lage reportasjer til radiosendingane, gav me kvarandre støtte og motivasjon. Berre det å gå den korte avstanden frå høgskulen, og til nærbutikken for å kjøpe lunsj, var fin. Sjølv i slaps og regn. Samhaldet var fantastisk.

 

Kaja Gunnufsen – Høst feat. Handerre Linni)
Får meg til å drite i alle bekymringar. Gunnufsen er heilt fantastisk. Songtekstane (og spesielt denne) får meg til å le.

 

Santigold – Disparate Youth
Denne dama er feeeeeeeeet! Songen får meg til å ville køyre til langtvekistan, og gløyme alt av “to do’s”. Diverre er det ikkje så enkelt, men ein kan spele av låta, lukke augo og late som.

 

Trykk her for å abonnere på spelelista på Spotify. 

February 21, 2017
/

nordsjøen

nordsjøen

På fredag slapp John Olav Nilsen & Nordsjøen sitt fyrste album, “Nordsjøen”. I går låg det på postkontoret og venta på meg. I dag høyrde eg meg igjennom dei ti fine spora på den gamle platespelaren til paps. Dette er stor glede. Spesielt på ein elles grå sundag med hovudverk og fylleangst. Mmm… ♥

John O, takk for at du er tilbake.

February 19, 2017
/

fifty shades of salt

fifty shades

I skrivande stund høyrer eg på “I don’t want to live forever” av Taylor Swift og ZAYN – ein av kjenningsmelodiane til den nyaste filmen av Fifty Shades-trilogien; Darker. Må kome i riktig “mood”. Forventingane før filmen blei vist på kino i kveld var ikkje særleg høge. Det er éin av mange reglar eg har inngått med meg sjølv. Aldri ha for høge forventingar før du bruker over hundre kroner på å sitje i ein sal med åtti andre skravlebøtter, som må på toalettet eller ta seg ein røykepause kvart 15. minutt. Oi, men det er lov med positivitet. Stemninga var god – angrer på at eg ikkje deltok på Fifty Shades-vorspiel på Fleischers Hotel.

Fifty Shades film nummer to tilrådast framleis ikkje å sjå saman med mor eller far, med mindre du har lyst å stirre i veggen under heile filmen. Jepp, den er megapinlig. Men seriøst. Fifty Shades-historia (bok og film) hadde vore meiningslaus utan denne “husmorpornoen”. Og når kinobillettane er utsolgt, viser det kor underhaldande sex er å sjå på.

February 10, 2017
/

07022017: depression tuesday

Håper alle har hatt ein fin tysdag. I dette innlegget blir det ny runde av Depression Tuesday, som eg starta med sist veke. Innlegga tar for seg musikk som har gjort meg frisk og rask, og gjerne litt lukkelegare. Les meir om konseptet ved å trykke her.

 

John Olav Nilsen & Gjengen – Hull i Himmelen
Dette bandet minner meg om dei siste åra som tenåring. Mykje av det eg tenkte på var å flytte til Bergen, drikke Hansa-øl og skaffe meg tatovering. Helst av to diamantar på stilken av eit kirsebær. Eg var heilt besatt av Bergensbølgen som bestod av blant anna John Olav Nilsen & Gjengen, Lars Vaular, A-laget, Fjorden Baby! og Store P. Songtekstane skulle puggast og lærast. Gode tider.

 

Florence + The Machine – Shake It Out
Min fyrste ordentlege festivaloppleving var på Øyafestivalen i 2012. Eg stod heilt fremst på konserten til Florence + The Machine. Alle songane deira var fantastiske live, men då dei spelte Shake It Out… det var heilt magisk. Florence Welch var heilt nydeleg på scenen. Følte meg mektig.

 

Set Mo – White Dress
Kvar gong eg mista motivasjon under bachelorskrivinga, høyrde eg på White Dress. Songen minna om Australia; naturen, strendene, nattklubbane, favorittkafeane, roadtrips… Og før eg kunne pakke kofferten og reise ned dit, måtte eg skrive ferdig bacheloroppgåva og fullføre siste eksamensproduksjon. Denne songen gjorde at eg følte meg litt mindre fortapt. Ting blei lettare.

 

Tips meg gjerne om musikk som letter på humøret. Abonner på Depression Tuesday på Spotify ved å trykke her.

February 7, 2017
/

666 weekend

Heilt sidan Ingeborg reiste på ferie til Australia og New Zealand i starten av januar, har eg gleda meg til ho kom heim att. På torsdag var ho tilbake i Bergen, og eg måtte sjølvsagt ta meg tur og besøke ho og fine byen. Er glad for at eg har ei venninne som er like glad i å gå på konsertar som meg. Gjerne innan sjangeren hiphop. 666-Vibben stod for å lage tidenes underhaldning på USF Verftet, etterfulgd av etterfest på Landmark. Hester V75 og A-laget gjorde at eg hoppa høgt, men Kjartan Lauritzen… fy søren, då hoppa eg høgst, for å seie det sånn. God stemning? JA!

I dag er eg trøytt og surrete i hovudet. Men det var verdt det. Ser fram til fleire helger som dette i år.

February 5, 2017
/

31012017: depression tuesday

Hei, og velkomen til “depression tuesday”. Frå og med i dag blir dette ei ny bloggpslate. I dette innlegget skal eg gje ein kort introduksjon. 

For to år sidan (trur eg det var) las eg ein vitskapsartikkel på Internett (The Telegraph, 10.10.2010). Den tok for seg dagen tysdag; den dagen i veka folk føler seg mest umotiverte, triste og såra. Verre enn måndagar til og med. “Dette stemmer så jævlig,” tenkte eg medan eg las teksten. Eg var akkurat komen heim etter eit studieopphald i Australia, og det er ikkje å legge skjul på at eg var prega av “post exchange depression” på denne tida. Litt vinterdeprimert òg? Hehe.

Wall Street-krakket. New York, 29. oktober 1929, òg kalla “Black Tuesday” eller på godt norsk: Den svarte tysdagen. Aksjeverdiane blei på berre nokre få dagar halvert, noko som innleidde den store depresjonen åra etter.

Eg synest dette er trist å skrive om, men siste punkt er “Suicide Tuesday”. Eit fenomen i narkotikamiljøet. Den mest emosjonelle dagen etter ei helg med misbruk av narkotiske stoff.

depression tuesday

For tida er blant anna bloggarar, pressa og offentlege personar opne om psykiske lidingar. Dette synest eg er eit godt tiltak for å gjere temaet mindre tabubelagt. Fordi hallo – tjue til tretti prosent av oss opplev depresjon éin eller fleire gonger i livet. Det er med andre ord ein ganske vanleg helseplage? Lat oss snakke!

Sjølv bidrar eg med å poste tre songar som eg har opplevd å lette på humøret mitt. Depression Tuesday blir som ei musikkspalte; med formål om å lette på smilebåndet til lesarane mine. Fortel meg gjerne kva de synest, og ikkje minst tips meg (og andre lesarar) om dine humørspritarar i kommentarfeltet! ♥

 


Izzy Bizu – White Tiger

Minner meg om dagane eg arbeidde som butikkmedarbeidar i kleskjeden ZARA hausten 2016. Då vart denne songen spelt i høgtalarane kvar gong eg var på jobb. Eit dryss av sjølvtillit!

 


Emmalyn – Hungover

Veldig pop-låt, men det er noko med stemma og melodien som klinger bra. Minner meg om januar 2017; førebuing på “Anettes sex og singelliv”. Veldig koseleg (NOT).

 

MØ – Final Song

Utan tvil Roskilde-festivalen juni/juli 2016. Ho stod for ein av dei siste konsertane. Hadde eg vore dansk, hadde eg vore stolt. Dette var ei av dei beste opplevingane mine dette året.

Følg spelelista på Spotify ved å trykke her.

January 31, 2017
/

brand new start

… Oslo

Flytter ikkje til hovudstaden, men Anna of the North sin nye singel heiter “Oslo”. Den får eg gåsehud av.

Det er tungt å kome frå tretti varmegrader og solskin klokka seks på morgonkvisten, til kjølig luft og mørketider. Difor kunne det ikkje passa betre med ein slik låt. Den gjer meg heilt forelska. I mitt eige heimland.

Ein liten anbefaling frå meg. Håper de liker den like mykje som eg gjer. Tips meg gjerne om musikk som gjev januarmotivasjon.

January 10, 2017
/

do you know what?

How to suddenly not give a f**k?

Kven veit? Boka The Life-Changing Magic of Not Giving a F**k av Sarah Knight kan kanskje hjelpe. Eit av formåla med opphaldet her nede i Australia er å… eg veit, det høyrest klisjé ut; men finne meg sjølv.

 

Det går fint å ikkje ha flat mage. Det går fint å drite seg ut når ein møter kjærastens eks. Det går fint at senga ikkje er fotovenleg. Det går fint å gå på byn, sjølv om ein er blakk. Det går fint å gå på butikken utan å sminke augebryna. Det går fint å seie nei til å vere sosial på ein laurdagskveld. Det går fint å ikkje lese nyhende på fleire dagar. Det går fint å bruke same kjole tre helger på rad.

Håper Sarah Knight gjev nokre smarte tips, fordi det trur eg svært mange treng i 2016.

November 29, 2016
/