Browsing Category:

DREAM LIFE

a few thoughts about last month

pink

Deilig at februar endeleg er her. Januar er alltid litt lang og tung. Ikkje berre fordi det er kaldt og mørkt, men mest på grunn av alle ekstreme nyttårsforsett som vert delt. I februar skal eg jobbe frå måndag-fredag, men kose meg i helgene. Balansegang og eit avslappa forhold til alt er målet for 2017. Heia pomfri med aioli, heia spontanitet, heia Netflix, heia gåturar og heia leve-i-nuet!

February 1, 2017
/

sunny winter days in town

anette selfie voss norway voss norway tre brør kafetre brør kafe

Voss såg ut som eit postkort i dag. Er takknemleg for at eg kunne nyte soltimane med Marita som eg ikkje har sett på fire veker. Det kjennast som lenger. Ein gåtur etterfylgd av ein lunsjdate passa perfekt. Både som eit avbrekk frå bachelorskrivinga hennar, og fordi eg hadde ein dag fri frå jobb.

 

Tre Brør Kafé i Voss Sentrum er ein favoritt her i bygda. Om de krysser landet på tvers, og eventuelt køyrer igjennom Voss, er denne kafeen ein flott stoppestad. Den ligg heller ikkje langt frå togstasjonen. I dag kunne eg ikkje unngå å velje surdeigsbrød med røykt aure og eggerøre (sjølv om eg åt dette til frokost cirka kvar einaste dag i jula). Er det noko eg har funne ut om meg sjølv etter 22 år på denne jorda, så er det at dette er ein kombinasjon eg er svak for. Røykt laks, røykt torsk, røykt aure, mmm… #SorryNotSorry

January 30, 2017
/

some glamorous life lessons

Ok ok ok.

Sist gong eg skreiv her hadde eg lyst å hoppe inn i ein sovepose, putte proppar i øyro og gøyme meg under senga. Og bli liggande i minst eit halvt år. Helst vakne opp i juni med livsglede, pengar og sprettrumpe.

 

Livet er for kort til å sette livet på pause fordi ein har hjertesorg. Det er leveregel nummer éin (som eg repeterer femten gonger i døgnet). Ideen om å leike Tornerose gjekk i dass – og fint er det.

 

champagne weekend

Leveregel nummer to er: når ein er litt lei av vin, drikk champagne. Her er det mange fordelar. Champagneglasa ser glamorøse ut, ein vert fullare og det er hakket kjekkare å opne flaskene. *Popp popp popp* Ulempene kan eg skrive om i neste innlegg. To be continued…

January 29, 2017
/

brand new start

… Oslo

Flytter ikkje til hovudstaden, men Anna of the North sin nye singel heiter “Oslo”. Den får eg gåsehud av.

Det er tungt å kome frå tretti varmegrader og solskin klokka seks på morgonkvisten, til kjølig luft og mørketider. Difor kunne det ikkje passa betre med ein slik låt. Den gjer meg heilt forelska. I mitt eige heimland.

Ein liten anbefaling frå meg. Håper de liker den like mykje som eg gjer. Tips meg gjerne om musikk som gjev januarmotivasjon.

January 10, 2017
/

four weeks later

Alt for mykje har skjedd i det siste. Heile livet mitt er snudd på hovudet. Heldigvis har eg familie og nære vener rundt meg som er støttande og forståande. Akkurat no er det i kulden eg høyrer heime. Difor var det best å flytte frå Australia. Det hadde eg ikkje trudd eg skulle gjere, før eg var midt oppi det.

Livet går vidare. Utan ting og personar som kanskje betydde mest. Det er ufattelig trist. Men sånn er det, enten ein vil eller ikkje. No skal eg bu på Voss i ein periode og lande.

Bilete frå 8. desember 2016. Blei kjend med Idunn under oppholdet i Australia. Vi fylgde kvarandre på Instagram i godt over to år. I september i fjor avtalte vi å møtast over ein kopp kaffi. Etter det blei ho min faste frokost- og kaffipartnar, og ein skulder å lene seg på når eg trengte det aller mest ♥ Tusen takk. 

 

Eventyret. Og ikkje minst draumen om Australia er over.

Om du som les har behov for nokon å prate med, må du ikkje vere redd for å ta kontakt på mail eller Facebook. Det er ikkje godt å ha det vondt åleine.

burleigh heads

January 7, 2017
/

espresso martinis and more martinis

If you’re a coffeeholic like me, you better taste this deliciousness!

Er eg den einaste som synest det er vanskeleg å bruke mindre enn to minutt på denne kaffi-delikatessen? Om du ikkje har prøvd espresso martini tidlegare, og eeeeelsker kaffi, bør du prøve denne.

Sist helg var eg på Cocoon Ultra Lounge Bar i Surfers Paradise, og stoppa tida med eit glas martini. Mmmmm… It’s was too good to be true.

cocoon surfers paradise

October 28, 2016
/

making the most of every day

Denne veka har eg stått opp klokka seks kvar einaste morgon (sjølv om eg ikkje starter på jobb før klokka ni). Er kanskje ikkje noko “big deal”, men etter fleire veker utan nokon ting å rekke, var dette noko nytt for meg (herregud, som eg kjeda meg). Uansett; stå opp tidleg har vore gull verd. Nattesøvnen er nemleg tilbake – hurra!

Det kan vere ein annan grunn òg; eg har byrja i ny jobb. Mykje informasjon, ein del gåing, snakking, smiling og fysisk arbeid. I går opna me Zara-butikken i Broadbeach, noko som var “such a big happening”. Eg stod i døra og ynskja kundane velkomen til den nye butikken (med min sjarmerande, norske aksent). I dag jobba eg på spreng i prøverommet i dameseksjonen. Ein del kaos, men det får sjølvsagt tida til å gå.

 

I morgo har eg fri, og det skal nytast.

img_3088

Cheers.

October 21, 2016
/

making the apartment green and dreamy

Addicted to palm trees which makes you feel you’re on a holiday every single day…

For nokre veker sidan kjøpte eg åtte-ni-ti kaktusar (cirka) til 40 australske dollar (som vil seie 244 norske kroner). Dei kjøpte eg av ein eldre mann med den største og flottaste hagen eg nokon gong har sett. På fritida dyrker og sel han planter til ei billig penge. Kor fint er ikkje det?

På verandaen dyrker me tomat, jordbær, appelsin og salatblader. Har sååååå lyst å stelle ein avokadoplante òg. Den neste avokadosteinen eg held, skal eg altså ta vare på.

pink wall

October 7, 2016
/