Browsing Category:

STYLE

the prism hat by lack of color

the prism hat by lack of colorThe Prism hat by Lack Of Color.

Denne hatten av det australske merket “Lack Of Color” er ein favoritt hjå meg. Modellen heiter “The Prism” og er verken for stor eller for liten. I tillegg er den svart, noko som gjer at den passer å bruke til omtrent alle antrekk. Den kan du finne her (link). Elsker at me er i ei årstid der ein kan kombinere hatt med ein sommarkjole – både lange og korte kjolar. Hatt gjer susen. Den kan sprite opp eit keisamt antrekk, samt beskytte hår og ansikt mot den sterke sola. For å forstå kva eg snakker om, kan du sjekke ut nettstaden her (link).the prism hat by lack of color

June 7, 2016
/

rainy days

Livet i Bergen er fint, bortsett frå regnfulle dagar. For tida er eg praktikant i NRK. Det er hektisk, men lærerikt. Av journalistutdanninga har eg lært meir på desse to månadane, enn det eg har gjort på tre år. Praksisperioden er ferdig om tre veker. Det er sjukt. Etterpå er det berre eit par eksamenar igjen. Og kva skjer etterpå der igjen? Veit ikkje.

Det er spennande å ikkje vite vegen vidare, men samtidig saknar eg å sjå fram til noko. Det kan vere ein ferie, ei ny utdanning, jobb eller ein stor fest. Har lesarane mine nokre planar framover?

March 28, 2016
/

in the middle of the scandinavian mountains

DSC_1053DSC_0911DSC_1054//photographs by Jenny Marie Baksaas

Eg er i studentbygda Volda for ei kort stund, og nyter dei siste dagane med journalistvenene mine. Me drikk mange koppar kaffi, deler seng, ser dokumentarar og går på førelesingar saman. Nesten kvar dag.

Litt lenger sør venter ein ny “kåk” på meg, og eg ser fram til å vakne opp i ei seng som er breiare enn 1.20 meter (hadet, fjorten-årgamle meg). Gler meg til å dekorere veggar, golv og store vinduskarmar med plantar, lampar og bøker (som eigentleg berre står til pynt). 

January 24, 2016
/

opéra national de paris

For ei veke sidan blei eg tatt bilete av inntil denne grøne døra her. Eg berre: “Denne døra vil passe perfekt inn i feeden min på Instagram,” medan eg gav telefonen min til fotografen (ja, fotografen er ein ven, hehe). Dagane går så utruleg fort, og eg gler meg til å ta fatt i det nye året. Det spennande er at det kjem til å skje store forandringar i kvardagen, og mykje er usikkert. Iiik, skummelt – men kjekt!

January 8, 2016
/

nike air max thea

Eg vandra inn i butikken Yme Universe på Karl Johan i Oslo, og eg visste frå fyrste sekund at eg ikkje kunne forlate butikken utan å vere nokre kroner fattigare. In love with my new Nikes ♥

nike air max thea prm camo

September 13, 2015
/

evil twin dress

 Dress – Evil Twin / Jacket – Monki / Sunglasses – Valley Eyewear  

Desse bileta er snart tre veker gamle. Fyrste skuledag. Dei to timane i leiligheita før eg tok turen på skulen, føltes som tre kvarter. De kjenner kanskje til stressande morgonstundar når ein ikkje har planlagt “dagens antrekk” på førehand. Konklusjonen var at sidan det var sol og varmt i lufta, og kanskje siste sjanse å gå kledd i så lite klede, burde eg gå for den “nye” kjolen eg kjøpte på loppemarknad.

I fleire år har eg hatt lyst på nokre plagg frå merket “Evil Twin”. Sidan det ikkje er mogleg å få tak i nokre av plagga i Noreg – heller ikkje i nettbutikk, måtte eg berre fjerne det frå ynskjelista. Eg var heldig og fann denne kjolen på ein bruktmarknad i Burleigh Heads i Australia denne sommaren.

September 12, 2015
/