stop buying clothes

Dette året har eg unngått å kjøpe klede. Det viser seg at eg har klard meg bra. Vel å merke har eg brukt studentlomma på eitt (!) plagg i heile 2016, og det var då eg var innom bruktbutikken “Second Love” i Bergen. Der kjøpte eg ei skinnjakke til nokre hundrelappar. Det var det…

De som har lest bloggen min ei stund, gjerne heilt tilbake til 2010, veit at eg elsker klede og liker å shoppe, he-he. Etter eg fylte 18 år og fekk mitt eige VISA-kort (som ikkje berre var av typen “electron”), blei eg bitt av nettshopping-basillen. I ein periode hugser eg at eg måtte på postkontoret fleire gonger i veka. Kjempekult, Anette. Huff, så mykje unødvendig eg ynskja meg. Og endå verre; brukte pengane mine på.

Kva er grunnen til at eg har tatt ein pause frå innkjøp av klede? Det handler både om eiga lommebok, men òg på grunn av miljø og arbeidsforhold til dei som har laga plagga. Overprodusering. Kva er poenget? Treng me nordmenn så mykje klede som me har? Det tviler eg på.

Brukthandel har blitt ei trend her i landet. Det å kjøpe yttarklede, kjolar, gensarar og skjørt på Fretex er ikkje lenger “tabu” for den yngre generasjonen. Ikkje her, i alle fall. Det var kanskje det før – ikkje så alt for lenge sidan, for å vere heilt ærleg med dykk.

På dei siste ferieturane har eg vore på utkikk etter flotte strøk med vintagebutikkar. Der kan eg finne noko som ingen andre har, og plagga har gjerne ei interessant historie. Det gjev meg stor glede.

Før eg kjøper noko, tenker eg meg om. Då går eg igjennom desse enkle punkta:

  • Kor mange gonger kjem eg til å bruke dette plagget?
  • Har eg eit plagg heime som liknar på dette plagget?
  • Er pengane verd dette plagget?
  • Korleis er kvaliteten på plagget; vil det gå i stykker etter nokre gonger i vask?

Eg vaknar opp på morgonkvisten, og det ligg klede på golvet fordi det ikkje lenger er plass i klesskapet. Grunnen er ikkje fordi klesskapet er for lite. Denne månaden har eg solgt og gjeve vekk den delen av garderoben min som eg ikkje bruker lenger. Det er godt å tenke at kleda som ikkje gav meg særleg glede, kan gje ei større glede hjå andre. Gjer det same du òg!

July 17, 2016
/
Previous Post Next Post

1 Comment

  • Reply victoria

    enig! kjøper sjeldent noe for tiden, eller nå løy jeg, kjøpte jo noe da jeg var i Bergen, men før det, så har det vært tørke! og skal i hvertfall aldri mer kjøpe klær på H&M.

    July 19, 2016 at 01:06
  • Leave a Reply

    You may also like