triangl bikini – erfaringar

Nokre av produkta er sponsa.

Sommaren er like rundt hjørnet. Bikinisesong, tenker mange. I fjor sommar florerte det av bikiniar frå merket “Triangl” på sosiale medium. Sjølv vil eg påstå at det framleis er populært å gå til innkjøp av eit bikinisett. I dette innlegget vil eg skrive litt om Triangl bikini, og samt dele personlege erfaringar.

Triangl er eit australsk bikinimerke grunnlagd av kjærasteparet Erin Deering og Craig Ellis. Dei lanserte merket i fjor, og bikiniane deira blei fort populære på Internett, spesielt Instagram. Kjendisar som Miley Cyrus og Kendall Jenner, og eit stort utval av kjende bloggarar gjorde merket fort kjend. Plutseleg skulle “alle” jenter eige ein slik bikini.

triangl bikini erfaringar: poppy cola pop
Bikinimodellen “Poppy”. 

Eg har prøvd tre av bikinimodellane til Triangl, som er “Poppy”, “Ollie” og “Winnie”. Sjølv synes eg bikinioverdelen til “Winnie” (som er ein stropplaus tubetopp) såg litt merkeleg ut på. Eg returnerte difor settet. Vil ikkje anbefale Winnie-modellen til jenter med små bryst, he-he.

♥ Korleis er størrelsane?
Eg vil seie størrelsane er normale, men det er kanskje lurt å velge éin størrelse større i underdelane. Kantsaumane på underdelane “stikker litt inn” og er trange. Er du ein XS ville eg vald XS i overdelen, og S i underdelen. Men for all del; har du ei søt lita rumpe, kan XS òg passe.

♥ Korleis er det med frakt og returnering?
I pakka saman med bikiniane, får du retur-skjema som er enkel å fylle inn. Du sender ein e-post til Triangl og seier ifrå om at du ikkje er nøgd med produktet, og du vil innan kort tid få tilbake eit nummer som du må legge ved i pakka du fekk tilsendt. Etterpå går du til postkontoret/post i butikk og sender den tilbake til hovudkontoret til Triangl. Ta bilete av kvitteringa, og send på e-post til Triangl. Dei vil overføre pengane til bankkontoen din. Returnering er med andre ord gratis.

Normalt tar det cirka éi veke frå bestilling til du får pakke i posten. Frakt koster rundt 150 norske kroner.

♥ Korleis er kundeservicen?
Eg er kjempenøgd med kundeservicen til Triangl. Dei er tilgjengelege 24 timar i døgnet, og når ein er på heimesidene deira, er det berre å trykke på “live chat” nede i høgre hjørne. I tillegg er dei raske i å svare på e-post!

♥ Korleis er det med toll?
Tollgrensa i Noreg er på 350 kroner. Bikiniane med frakt koster over denne grensa, og du må difor betale eit tillegg på 25 prosent av totalprisen. Så, ja… bikiniane kan fort bli ein del dyrare enn det ein hadde forventa.

Triangl bikini erfaringar: ollie twiggy stardust tilly sunburst Bikinimodellane “Ollie”. 

Så, det store spørsmålet er om bikiniane er verd prisen (med toll) – og mogleg returnering. Eg vil seie nei. Kvifor det? Etter fleire dagar med bading og solsleiking på stranda, med mykje saltvatn og sand, har bikiniane forfalt litt etter litt. Ein må passe på at ein ikkje bretter dei, eller legg noko hardt trykk på dei, då dette kan setje spor. Om ein ser på biletet over (av det svarte bikinisettet til venstre), kan ein sjå enkelte striper i stoffet. Dette har mogleg skjedd ved at bikinisettet har vore bretta i kofferten. I tillegg har litt av det svarte, glinsete stoffet flassa av på grunn av at sand og steinar har blitt slipt inntil det. Bikinien til høgre har haldt seg litt betre, men òg på grunn av at det ikkje har det same, glinsete stoffet som den til venstre.

Likevel, om ein er veldig fan av bikinimote og vil henge med på trendbølga, for all del, kjøp eit sett. Sjølv angrer eg ikkje på at eg gjekk til innkjøp av desse bikiniane. Likevel har eg ei viss aning om at dei ikkje kjem til å vere like populære dei neste sommarane. Hald gjerne augo oppe for nye, spennande merker!

May 28, 2015
/
Previous Post Next Post

3 Comments

  • Reply victoria

    Da veit jeg det! Takk! Tror jeg har fortsatt bikiniene siden jeg var 19

    May 28, 2015 at 19:57
    • Reply Anette Kronstad Sørheim

      Hahaha, veit du kva, eg har eigentleg heller aldri brydd meg særleg om bikiniar ass. Har for det meste berre eigd bikiniar frå Cubus og H&M.

      May 28, 2015 at 20:57
  • Reply Cleo-Mag

    Vi har festet dette innlegget på forsiden av Cleo-Mag.com! Fortsett med den flotte bloggingen! 🙂

    May 29, 2015 at 16:19
  • Leave a Reply

    You may also like